Fredag 25.09.20 var det klart for Hyggestund med song og musikk på Sjukeheimen. Smittevernreglane var strenge, men det gjekk bra.
Kulturskulen hadde 3 elevar som stilte med song og pianospel. Veldig fint!
Valldal bygdekvinnelag skulle arrangere allsong, og Carolin Eide skulle spele til oss. Vi var 3 forsongarar,- Vesla, Astrid og Judith, og vi slo faktisk til med to-stemt på fleire songar!
Publikum sat med god avstand, ca 10 hadde møtt opp. Nokre av dei song med, og det var smil og rytmebevegelsar! - Det var kjekt å synge, sa ei, og ei ville ha vassglas neste gong, for ho vart tørr i munnen! - Vi fekk også litt ønskekonsert,- Carolin spela kva som helst!
Skulle hatt slike stunder oftare!