Fredag den trettande november var det tid for ny Hyggestund på Sjukeheimen i Valldal.
Kulturskulen , med rektor Gøril Vidhammer i spissen, hadde med to elevar som spela og song til oss. Ho hadde også med mannen sin, Bjørn, som kompa på gitar. Jentene spela litt kvar for seg og litt samspel. - dei var også flinke til å synge.
Så var det klart for songstund. Astrid hadde plukka ut fine tekstar, og vi var heldige og fekk gitaristen til å kompe oss. Det kom litt fleire bebuarar denne gongen, og sjølv om dei ikkje song så mykje, så såg du at dei heldt takta og smilte attkjennande til songane.
Ei kjekk stund på fredag den trettande!