Klar til konsert med Carolyn, Vesla og Astrid!
Klar til konsert med Carolyn, Vesla og Astrid!

Hyggestund på Sjukeheimen.

 

Fredag 30. oktober var det klart for ny Hyggestund på sjukeheimen i Valldal. Besøksvertar denne gong var Astrid B Andersen, Vesla Rem og Judith G. Krogh.

Carolyn Eide akkompagnerte og hadde også med ein elev frå Kulturskulen som spela fint til oss!

Det var ein liten flokk med bebuarar som var samla, - berre frå Sjukeheimen, dei andre avdelingane kom vel ikkje pga koronarestriksjonar. - Men det såg ut til at dei kosa seg, nokre song med når vi kom til " Den fyrste song" og " Fager kveldssol smiler" !

Astor og Anna kom også med ønskesongar, og Carolyn spela, så då fekk vi prøve og høyre  noko nytt!

 

Bli medlem