I dag, måndag 26. oktober hadde vi ein minidugnad i Sansehagen. Strålande ver og 4 blide, arbeidsvillege damer rydda opp etter sommaren og hausten. Vi klipte bringebær og roser, rydda krukker og sette dei under tak, beda vart gjort klare til vinteren, og jordbærpyramiden fekk svart duk over seg.
Kjøkkenet kom og tilbaud oss kaffi og kjeks, så då vart det ei koseleg pratestund etterpå. Snakka også med eit par bebuarar som begge hadde kosa seg med bær i hagen i sommar.Det er bra!!
Snart skal det flytte inn 6 nye bebuarar i gamlebygget, håper dei også vil bruke hagen til neste år.
Vil også takke alle som har tatt ei veke med vatning og stell av hagen i sommar, det har gått veldig bra.