9. desember vart det førjulshygge for Vbk på biblioteket. - Der var 15 frammøtte, og vi kosa oss med gløgg, heimelaga, nydeleg julebrød og diverse smakfulle julekaker. Nam - nam!
Elles vart det opplesing av dikt og forteljingar, både Solveig, Sunneva og Bjørg hadde funne noko tankevekkande og noko morosamt. - Mette Marie las også referat frå oppstarten av eit traktorlag som gjekk til innkjøp av første traktoren i Valldal. Trur det var i 1939, og denne gjekk på omgang i bygda. Vart svært populær til pløging og harving.
Kassereren vår, Nelly Ytterli fekk blomar som takk for flott innsats. Ho er med i fylkesstyret, og som kasserer har ho lært seg eit rekneskapsprogram på data slik at det skal vere enkelt å halde orden på finansane!
Vi hadde også åresal med fine julegevinstar. - Det var kjekt å samlast til hygge og prat, - og så kunne vi ynskje God jul til kvarandre.