03.oktober var styret i Hordaland Bygdekvinnelag samla til heildagsmøte på Osterøy hjå Turid.
Me hadde ein god møtedag der me fekk diskutert gjennom mange saker, lagt planar og snakka gjennom innspel frå lokallaga som me har fått.
LITT AV DET ME VAR INNOM:
Verdas Matvaredag, HBK kjem til og stå på Stand i Etne. Fredag 16. oktober .
Det nærmar seg Årsmøte i Lokallaga, me i styret vil gjerne kome på årsmøte dykkar om de ynskjer det.
Me vart einige i styret at den som høyrer til regionen eventuelt kan kome på Årsmøte , slik at me kan halde nede reisekostnadane .
Me planlegg Regionsmøter i November slik me hadde i fjor haust. Dette for at lokallaga kan møtast. Invitasjon kjem.
Streif
Årsmøte i Ulvik 13. - 14. mars.
mm.