Godt nytt år, og velkommen til eit nytt og spennande år for Norges Bygdekvinnelag! Vi håpar lokallagssendinga både kan vere til nytte og inspirasjon.
Les meir om alt frå verving og KvinnerUT til Norges Bygdekvinnelag sitt landsmøte i Harstad og mykje meir her!
Prosjektleiar for KvinnerUt Sosan Asgari Mollestad kjem gjerne på besøk til Bygdekvinnelaget sine lokallag for å fortelje om korleis ditt lokallag kan jobbe med inkludering av minioritetskvinner, og for å fortelje si historie.
Norges Bygdekvinnelag jobbar aktivt for å bevare dei norske mattradisjonane, og gjennom nettsida norsktradisjonsmat.no viser vi fram lokale oppskrifter frå heile landet. Send inn oppskrifter til oss, så deler vi dei på nettsida.
Fjorårets glade vinnarar av årets lokallag 2016 var Frogn Bygdekvinnelag i Akershus. No har du sjansen til å sende inn forslag på eit lag du meiner har gjort ein god jobb i 2017.