Unikt tilbod til alle medlemmar
Inspirasjonsseminaret er eit unikt tilbod til alle som er medlem i Noregs Bygdekvinnelag. Du treng ikkje å sitje i eit lokallagsstyre eller ha verv for å delta. Her får alle medlemmar sjansen til å vere med, og du kan kome åleine eller saman med andre medlemmar.
Bygdekvinnelaget sitt inspirasjonsseminar er ein møteplass for bygdekvinner frå heile landet. Her skal du kunne lene deg tilbake og nyte ei helg med fagleg påfyll, god mat, musikk og sosialt samvær. Meld deg på innan 15. september og bli med!
Velkommen til Trondheim
Norges Bygdekvinnelag sitt inspirasjonsseminar vert arrangert i Trondheim 8.- 10. november 2019. I Trondheim skal vi bu på Scandic Nidelven, som ligg midt i smørauget av Trondheim sentrum. Hotellet vann seinast i 2018 prisen for Noreg sin beste hotellfrukost.
Inspirasjonsseminaret byrjar fredag 8. november klokka 16.00, men allereie frå klokka 14.00 opnar vi for registrering. Seminaret byrjar fredag ettermiddag med faglege innlegg, musikk og middag. Laurdag vert det eit mangfaldig og spanande program innan vi på ettermiddagen vil ha med alle ut for å oppleve Trondheim by. Norges Bygdekvinnelag vil tilby ulike omvisingar i byen der alle har moglegheit til å delta på eit av dei. Vi avsluttar dagen med festmiddag og konsert. Siste dag på inspirasjonsseminaret vert søndag 10. november, og vert slutta med lunsj klokka 12.00. Sjå nederst i artikkelen for å lesa meir om vandringane/besøka du kan velje mellom laurdag ettermiddag.
Pris for mat og overnatting frå fredag 8. november til søndag 10. november er kroner 3945,- per person i enkeltrom, og kroner 3105,- per person i dobbeltrom. Dette inkluderar torettars middag fredag, lunsj laurdag og søndag, i tillegg til festmiddag laurdag kveld. Alle deltakarar må òg betale ei seminaravgift på kroner 400,- per person.
Spennande innlegg
Vi arbeider med å få på plass eit mangfaldig program der du skal kunne høyre innlegg til inspirasjon og nytte. Hans Olav Brenner og Anita Krohn Traaseth er to av dei som kjem for å halde innlegg på inspirasjonsseminaret.
Hans Olav Brenner er litteraturjournalist og skodespelar, men er for mange mest kjend som programleiar for ulike litteraturprogram på NRK. Brenner vaks opp i Gjøvik kommune og kjøpte i fjor ein gamal prestegard i Snertingdal saman med tidlegare Innovasjon Norge-direktør Anita Krohn Traaseth. Næringslivsleiar, forfattar og spaltist i Aftenposten Anita Krohn Traaseth er med sine mange toppleiarstillingar i norsk næringsliv ei viktig kvinneleg rollemodell. Begge to er kultur- og litteraturentusiastar. No er planen at dei skal lage kulturhus i Snertingdal. Vi gler oss til å møte dei i Trondheim.
NRK-profil Hans Olav Brenner skal halde innlegg. Foto: Ole Kaland/NRK
Igor Dunderovic og fetterforeningen
For to år sidan spelte musikarane Igor Dunderovic og fetterforeningen for oss i Bergen. Bygdekvinnene vart begeistra og vil ha dei tilbake på scena. Til alles glede stiller Igor og fetterne opp og kjem til Trondheim. Med si blanding av norsk folkemusikk og Balkan-pop inviterar dei til fest.