Kutta rammar utviklinga av sivilsamfunna i utviklingsland
Regjeringa foreslåtte kutta rammar blant anna bistandsmidlane som går til dei dei norske sivilsamfunnsorganisasjonane som arbeider med bistand for å styrke sivilsamfunna i utviklingsland. I følgje eit innlegg skreve av fleire organisasjonar, som stod på trykk i Aftenposten torsdag 29. oktober 2015, er sivilsamfunnsorganisasjoner sitt bidrag blant dei delane av bistanden der ein har best best resultat.
Forfattarane skriv at "Ved å bygge sterke sivilsamfunn i utviklingsland sikrer man langsiktig effekt av arbeidet. Kutt i støtten til sivilsamfunn og den langsiktige bistanden vil føre til at færre får hjelp og man oppnår mindre utvikling. Dette kan igjen føre til økt migrasjon, og betydelig økte kostnader i fremtiden".
Mosambik
- Vi er bekymra for korleis regjeringa sine foreslåtte kutt til bistandsmidlar vil påvirke Norges vel, og såleis Bygdekvinnelaget og Norges vel si felles satsing i Mosambik, seier generalsekretær i Norges Bygdekvinnelag Cesilie Aurbakken.
Konsekvensar for kvinner i sør
Kutta vil også få konsekvensar for organisasjonen Forum for kvinner og utviklingsspørsmål (FOKUS). FOKUS består av kvinneorganisasjoner og kvinneutvalg i politiske partier, fagforbund, solidaritets- og bistandsorganisasjoner Norges Bygdekvinnelag der er ein av dei.