Programmet på inspirasjonsseminaret spenner vidt med innlegg frå både forfattar og sosiolog Annechen Bahr Bugge, bokaktuelle Shazia Majid med boka «Ut av skyggene» og psykologspesialist Kari Frank til møte med kvinnelige ølprodusentar, balkankonsert med Igor og fetterne, tur i Trondheim og festmiddag.
Trykk og sjå heile programmet for inspirasjonsseminaret her!
Bli med!
Norges Bygdekvinnelag inviterer alle sine medlemmar til inspirasjonsseminaret i Trondheim. Inspirasjonsseminaret er meir enn eit seminar, like viktig er den sosiale ramma med god mat, konsertar, turar og hygge. Som medlem er dette eit unikt tilbod til deg. Bli med!
Møt tre av dei som står på årets program
Her kan du lese litt meir om 3 av dei dyktige og tøffe damene som kjem til oss på seminaret.
Konsert med Sigrid Moldestad
Vi har invitert breimstausa Sigrid Moldestad til å halde konsert for oss på inspirasjonsseminaret. Med sitt sterke forteljarhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum skal ho med fele og song ta oss med inn i sitt rike. Ho er ein av Noreg sine fremste artistar innan folk, vise- og tradisjonsmusikk, og har motteke 2 spelemannsprisar og ei rekkje utmerkingar.
Sigrid Moldestad gav ut albumet «Vere her» hausten 2017 og fekk strålande platemeldingar landet rundt. Vi gler oss til og møte denne folkekjære artisten og sterke dama!
Forbrukarmakt med forfattar og geiteentusiast Siri Helle
Vi møter geiteentusiasten, den avslappa surdeigsbakaren og forfattaren frå Sogn og Fjordane. Siri Heller er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho er skribent, forfattar og agronom, og har fast matspalte i avisa Dag og Tid.
Siri Helle har skreve boka «Handle rett», som handlar om alle vala vi tek på matbutikken. Helle har òg skreve boka «Matmakt på butikken», der ho ser på maktkonsentrasjonen i daglegvaremarknaden og korleis vala våre i butikken er styrte frå inngangsdøra til kassa. Kanskje kan Siri Helle kan hjelpe oss i å bli ein meir bevisste forbrukar.

Siri Helle skal halde innlegg om forbrukarmakt laurdag 9. november
Anne Sverdrup-Thygeson gjev oss eit innblikk i liva til våre forunderlige og livsviktige insekt
Anne Sverdrup-Thygeson er professor i bevaringsbiologi ved NMBU. I boka «Insektenes planet» har ho skreve om dei rare, nyttige og fascinerande insekta vi ikkje kan leve utan. Ho har i si bok gjeve ei morsom og viktig beskrivelse av desse dyra som vi faktisk er heilt avhengige av. Etter at Sverdrup-Thygeson har halde sitt innlegg går vi kanskje ut med ei ny innsikt om kvifor vi bør ta vare på desse snedige skapningane

